Isbana på Frøystad engasjerer:

- Glad det skaper interesse

Skuleklasser, småbarnsfamiliar og bygdefolk, alle finn ein på isbana på Frøystad no om dagen. Dei ansvarlege er glade for å sjå at initiativet engasjerer.

- Det er fantastisk at dugnaden som blir gjort her inne blir lagt merke til, seier Vidar Hungnes. Frå venstre: Lise Mette Bertheussen Jelle og Henning Karlsen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Elles ser vi Raymond Eide, Erhard Hermansen, Vidar Hungnes, Kjartan Vike, Øyvind Solibakke og Terje Aarvik.   Foto: Olea Vike Hungnes

Nyhende

– Vi er veldig takksame for at det er så mange som bidreg til legge til rette for tilbodet, og ikkje minst over at det er mykje folk som brukar tilbodet. Det krev ein del arbeid å få det i stand, så vi er glade for at det skaper interesse.