Ungdomsrådet, Moldskred og Zewo Chemicals tok oppryddingsansvar i parken laurdag:

- Det store fleirtalet held ikkje på slik

Etter ein trist episode med tagging rundt om kring i Fosnavåg har no ungdomsrådet i Herøy, Moldskred og Zewo Chemicals bestemt seg for å køyre vaskedugnad i parken.
Nyhende

Vi møtte dei laurdag formiddag i parken i Fosnavåg, der dei var godt i gang med arbeidet. Sterke kjemikaliar frå Zewo, høgtrykk-spyl frå Moldskred og arbeidskrafta til eit samla ungdomsråd såg ut til å gjere susen.