Mowi i høve til korona og smittetrykk:

– Glad vi er ei distriktsnæring

Fabrikksjefen ved Mowi på Eggesbønes skryt av sine tilsette og for godt samarbeid med kommunen no som ei ny smittebølgje herjar landet. Med unntak av strenge smitteverntiltak, er deira daglege produksjon nærmast «urørt» av koronasituasjonen.

Sølve Kivranta: Fabrikksjefen fortel at deira smitteverntiltak er strenge. Besøkande på anlegget er på eit minimum, avstanden mellom dei tilsette er målt opp, hygienen er på topp og terskelen for å vere heime, om ein har symptom på sjukdom, er låg.   Foto: Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Våre tilsette er i arbeid og produksjonen går som normalt. Eg vil rose dei tilsette for den innsatsen dei kvar dag gjer med å følgje strenge smittevernrutinar og bruke smittevernutstyr. Elles må eg skryte av eit godt samarbeid med kommunen, seier fabrikksjef Sølve Kiviranta ved Mowi sitt lakseslakteri på Eggesbønes.