Klagar på budsjettbehandlinga i Herøy kommunestyre:

Leine - Voldsund: Han vil at budsjettet skal behandlast på nytt

Paul Harald Leinebø har klaga på Herøy kommune sitt budsjettvedtak, men kommunedirektøren opplever ikkje at klagen er berettiga.

Klagar: Paul Harald Leinebø har klaga på kommunestyret si budsjettbehandling og viser til at merknadene hans om fylkesvegprioriteringar ikkje vart lagt ved saka til kommunestyret.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Det er ikkje gjort feil av betydning som gjer at budsjettet ikkje er behandla på korrekt måte, seier Trond Arne Aglen i ein kommentar til Leinebø sitt krav om ny behandling av budsjettet.