Grunneigarane til Paradisbukta og Eggesbømarka reagerer på kommunen sine planar:

Vil ikkje selje til industri eller deponi

Om grunneigarane var skeptiske før, har skepsisen ikkje blitt mindre når det no er tale om å gjere Paradisbukta om til deponi for slam frå Fosnavåg hamn.

VIL IKKJE SELJE: – Vi sel ikkje, i alle fall ikkje viss området skal nyttast til slamdeponi, seier Reidun Eggesbø, ein av grunneigarane til Eggesbømarka og Paradisbukta. 

Nyhende

– Det er heilt klart at forholda på Fosnavåg hamn krev ei opprydding og må takast på alvor. Men at det giftige slammet skal deponerast tett ved den største matprodusenten vi har her ute, blir heilt meiningslaust, spør du meg.