Endå eit nytt smittetilfelle i Sande - hald fokus og avstand ber kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen fekk torsdag melding om at ein tilreisande frå utlandet er kome til Sande med koronasmitte. Sande har altså fått to smittetilfelle på nyåret. Kommuneoverlegen minner derfor om å halde avstand og vere nøye med handvask og reinhald.
Nyhende

Vedkomande testa seg på flyplass ved ankomst til Norge. Der er to nærkontakter og kommunen arbeider med å finne eigna opphaldstad for gjennomføring av isolasjon og karantene.

Kommunen ber om at ein raskt tek kontakt med legesenteret for testing om du skulle kjenne på symptom.