Radiokameratane i beste sendetid på NRK1 TV onsdag kveld: Utsett

Det blir mykje fin reklame for Bygderadio Vest, og Søre Sunnmøre, på NRK1 (TV) onsdag kveld.

Kameratar: Sentrale radio-eldsjeler i filmen, f.v. Olav Kvalsvik, Paul Sundnes og Øystein Bakke.  Foto: Radiokameratene

Nyhende

I beste sendetid, klokka 21.20, er den nemleg duka for dokumentarfilmen "Radiokameratene".

NB! På grunn av hendingane ved Kongressen i Washington, USA, har programmet inntil vidare gått ut. Programmet vart i romjula tilgjengeleg på NRK nett-TV (ekstern lenkje)

"Korleis skal den lokale FM-radioen driven av aldrande radioamatørar overleve i skuggen av den digitale radiorevolusjonen?". Slik er introduksjonen frå NRK til filmen som allereie har fått mykje god kritikk.

Filmen, som varer ein time, er laga av Ingrid Ese og Andre Folkestad (Herlig Film & TV) med Tor Sivertstøl som ein av fotografane. Både filmselskap og fotograf er lokalisert i Sande.

Radioen med vorspiel og nachspiel

I samband med NRK1-sendinga har Bygderadio Vest direktesending frå studio, med telefonar og musikk.

Frå klokka 20 på bygderadioen vert det samtale om historia og oppstarten av lokalradioen på Søre, først i Volda og litt etter i Herøy.

- Vi tek telefonar til ein del personar som var med på denne nystartinga, heiter det frå Bygderadio Vest-gjengen, som no er på veg til å verte nasjonale kjendisar.

Etter filmen på NRK skal Bygderadio Vest snakke med filmskaparane for å høyre kva deira erfaringar i samband med filmproduksjonen.

Vestlandsnytt har skrive fleire saker om filmprosjektet:


Fekk endeleg vise fram filmen om Bygderadio Vest:

– Det er nokon som seier at eg skal til Hollywood no

Kinofilmen «Radiokameratane» om Bygderadio Vest hadde uoffisiell verdspremiere i Fosnavåg og Volda søndag.



Filmen om Bygderadio Vest hylla i Bergen:

– Ekte «feelgood-film»

– Dette var skikkeleg stas. Vi fekk enormt med merksemd. Og så var det servering av sprudlevatn. Men eg treng ikkje det for å sprudle!



No er filmen om Bygderadio Vest, Radiokameratane, kino-klar:

- Eg har blitt så fascinert over denne gjengen

I over to år har det Larsnes-baserte filmselskapet Herlig Film & TV gått i hælane på gjengen bak Bygderadio Vest. 22. mars har dokumentarfilmen si premiere, og dei lokale radiokjenningane både gleder og kvir seg til å sjå seg sjølv på kinolerretet.