Nytt koronatilfelle i Sande - importert frå utlandet

Onsdag kveld kunne Sande kommune melde om årets første koronatilfelle.

Korona: Sande kommune har fått eit nytt tilfelle av korona. 

Nyhende

Det vert frå kommuneoverlegen si side meldt om at den smitta har kome frå utlandet.

Personen vart testa måndag, ved ankomst til Norge.

Det vert ikkje opplyst noko om situasjonen gjeld arbeid- eller fritidsreiser. Det vert heller ikkje gitt andre detaljar om det nyaste koronatilfellet.

- Den smitta sit no i isolasjon og har ingen nærkontaktar, framheld kommunen.

To smitta i Ulstein

Onsdag melder elles Ulstein kommune at dei har fått to nye stadfesta koronatilfelle. Desse knyter seg til arbeidsreiser frå utlandet.

- Begge har vore i innreisekarantene og er no overførte til isolasjon. Ein nærkontakt er sett i karantene, opplyser kommunen