Noreg eksporterte sjømat for 106 milliardar i 2020

I fjor eksporterte sjømatbedriftene 2,7 millionar tonn sjømat verd 105,7 milliardar kroner. Det er den nest høgaste eksportsummen som er registrert.

I fjor eksporterte sjømatbedriftene 2,7 millionar tonn sjømat verdt 105,7 milliardar kroner. Det er den nest høgaste eksportsummen som er registrert.  Foto: Morten Holm / NTB / NPK

Nyhende

Til saman auka eksportvolumet med 2 prosent. Verdien av sjømaten vart derimot redusert med 1 prosent, eller 1,5 milliardar kroner, samanlikna med rekordåret 2019, opplyser Noregs sjømatråd.