Negative testar frå dei som var i karantene i Herøy

Onsdag melder Herøy kommune at ingen er koronasmitta etter smittesporinga som vart gjennomført i romjula.

Ingen fleire smitta: Smittesporinga i Herøy i romjula resulterte i ingen positive testar. 

Nyhende

- Alle som var sett i karantene i samband med smittesporinga gjennomført 25.12.20, er no ute av karantene. Det er ikkje påvist vidare smitte ut frå dette tilfellet, heiter det frå kommunen.

Det vert lagt til:

I dag sit sju personar i smittekarantene i Herøy. Desse er knytt til to ulike utbrot andre stadar i landet. Dei første testane av desse personane er alle negative. Det vert teke nye testar i slutten av karanteneperiodene, som vert avslutta seinast 11. januar.


Person som besøkte Herøy har fått påvist smitte

Kommuneoverlegen fekk i laurdag kl. 14.30 melding frå Bergen kommune om at ein person som var på besøk i Herøy fram til 1. januar  har testa positivt for Covid-19.