Levert onsdag: Dette er Havyard sin siste brønnbåtleveranse

Onsdag tok Norsk Fisketransport over ein heilt ny brønnbåt, "Reisa", frå Havyard som kan frakte meir laks, gir betre fiskehelse og grønare framdrift.

Reisa: Den nye båten er 84,8 meter lang og 16,9 meter brei. Om bord har den tre runde tankar med totalt volum på 3.250 kubikkmeter Om bord er det plass til eit mannskap på elleve pluss to gjestekøyer.  Foto: Havyard

Nyhende

Leveringa er nokre månader sein på grunn av blant anna forsinka levering frå skrogverftet i Tyrkia og utfordringar med korona på eige verft i Leirvik.