Kontrakt på nesten 30 mill. til Evotec As: – Ein stor prestasjon

Entec Group sitt selskap Evotec AS skal levere si vinsjeløysing "Mega-LARS" til ein ikkje namngitt kunde i Asia. Kontrakten har ein verdi på i underkant av 30 millionar kroner.

ENTEC Group sin administrasjon og dotterselskapet Evotec AS, held til på Saunesmarka i Ulsteinvik.  Foto: Entec

Nyhende

– Kunden, som held til i Asia, har brukt lang tid på å evaluere dei ulike leverandørane, og vi er veldig glade for avgjerda om å velje oss, seier Torkjell Ringstad, leiar for sal og marknad i Entec, i ei pressemelding onsdag.