Kompensasjonsordninga for næringslivet blir utvida ut april

Regjeringa utvidar kompensasjonsordninga for næringslivet med to månader. Støttenivået blir på 80 prosent, det same som i januar og februar.

Statsminister Erna Solberg og resten av regjeringa forlengjer kompensasjonsordninga for næringslivet.   Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Nyhende

– Det er framleis veldig uvisst korleis smittesituasjonen og smitteverntiltaka blir utover våren. For å gi auka tryggleik og føreseielege vilkår for næringslivet, forlengjer vi kompensasjonsordninga for månadene mars og april, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Det var Dagens Næringsliv som først melde om utvidinga.

Skal treffe alle

I pressemeldinga skriv regjeringa at ordninga i hovudsak vil vere lik som dei førre månadene for å sikre føreseielege vilkår, likebehandling over tid og automatikk i saksbehandlinga. Omsetningsfallet må vere på 30 prosent eller meir og bedriftene får dekt inntil 80 prosent av dei faste, uunngåelege kostnadene.

– Støtta bedriftene får, aukar i takt med omsetningsfallet, det vil seie at større omsetningsfall gir meir støtte til dei hardast ramma bedriftene. Når smitteverntiltaka no blir strengare og gir større omsetningsfall, blir òg støtta auka, seier Nybø.

Ho seier at ordninga er brei og skal treffe alle som er treft av pandemien.

Håpar på ny fase etter påske

Erna Solberg seier til Dagens Næringsliv at det i alle fall ikkje blir normale tilstandar før etter påske.

Ho håpar at regjeringa etter påske kan gå over i ein ny fase med tiltak, ein politikk for å stimulere til å få folk tilbake i aktivitet.

– Rundt påske håpar vi å ha komme langt i vaksinasjonen av utsette grupper. Vi får krysse fingrane for at vi då ikkje har ein hyperaktivt sørafrikansk virusvariant. Då kan vi verkeleg gå i gang med aktivitetstiltak, seier Solberg.