Bekymra for leveringstryggleiken for vatn i Sande

Mattilsynet er ikkje nøgde med Sande kommune sin plan for levering av vatn til mange av innbyggarane.

Sandvikvatnet: Ligg i Åram krins og er drikkevasskjelde for Kvamsøya, Voksa, Sandsøya og Larsnes-området.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Det kjem fram etter ein inspeksjon tilsynet har utført. Konkret handlar det om Bergsnev vassverk, som vert forsynt rå Sandvikvatnet, og som leverer vatn til ytre Sande i tillegg til Larsnes-området.