ABB skal elektrifisere ein arbeidsbåt for Norcod

Norcod sin nye arbeidsbåt blir designa for heildags batteridrift på to lokalitetar ved Mausund utanfor Frøya. Dette er mogleg med utstyr og systemløysingar frå ABB.

ABB elektrifiserar ein arbeidsbåt for eit av verdas fyrste oppdrettsanlegg for torsk   Foto: Norcod

Nyhende

Dei skal levere komplette elektriske løysingar til båten, noko som inkluderer elektrisk framdriftssystem, batterisystem på 264 kWh, hjelpemotor, frekvensomformarar, energistyringssystem, elektrotavler og utstyr for saumlaus tilkopling til ladeanlegg på land.