Tidleg start på året for Fosnavåg Pelagic:

1500 tonn sild på veg til Fosnavåg

Etter to vekers pause sytte sildefiskarane for at det blei ein rekordtidleg start på året for Fosnavåg Pelagic.

ROWENTA: Med sine 380 tonn var det Rowenta som kunne levere årets fyrste sildefangst i Fosnavåg.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Samanlikna med siste året fekk vi ein veldig god start, og det passa oss bra, seier dagleg leiar Roar Aasen med årets fyrste sildefangst ved kai onsdag 6. januar.