Herøy brann og redning rykka ut til eit litt uvanleg redningsoppdrag 1. nyttårsdag:

– «Pipe-ugle» er eit gjentakande fenomen

Klokka 07.30 første nyttårsdag vakna familien Skoge Remøyholm på Bergshaugen av at det krafsa høglydt i pipa. Nokre timar seinare vart det full redningsaksjon.

Fekk ugle i pipa: Bjørn­ar Andre Sko­ge Remøyholm (9) og ves­le­sys­ter Mar­te Ma­ri­ell (6) var gla­de då dei såg at «pipe­ugla» kom ut i live. Dei har ald­ri sett ei ekte ugle før, og syn­test ho var vel­dig søt.  Foto: Privat

Nyhende

– Det vart ein pangstart på det nye året. Plutseleg stod der seks personar på taket, ler Irene Skoge Remøyholm då vi ringjer henne nokre dagar seinare.