Naudrakett og fyrverkeri starta to brannar på nyttårsaftan:

– Berre flaks at det ikkje vart storbrann

Rett før midnatt landa ein naudrakett i Huldalen og sette fyr på terrenget. 1,5 time seinare tok to etterlatne fyrverkeri fyr ein annan stad på Igesundfjellet.

Skuf­fa: Brann­sjef Tore Lang­vatn og be­red­skaps­lei­ar Rolf-Hen­ning Skre­de Hide i Her­øy brann og red­ning er skuf­fa over å sjå at folk ik­kje tek an­svar når dei har fei­ra med fyr­ver­ke­ri. På nytt­års­af­tan var det berre flaks som gjor­de at det ik­kje vart ein stor­brann på Igesundfjellet.  Foto: Josefine Spiro

Viss her tek fyr, kan ein ende opp med ei storevakuering.

Rolf-Henning Skrede Hide
Nyhende

– Det er kjedeleg å skulle fare ut og sløkke brannar på grunn av uvettig bruk av fyrverkeri. I verste fall kunne det ha hindra oss i å hjelpe folk i naud, seier beredskapsleiar Rolf-Henning Skrede Hide til Vestlandsnytt.