Person som besøkte Herøy har fått påvist smitte

Kommuneoverlegen fekk i laurdag kl. 14.30 melding frå Bergen kommune om at ein person som var på besøk i Herøy fram til 1. januar  har testa positivt for Covid-19.

Korona Covid-19 

Nyhende

Testen vart teken i Bergen 1. januar på grunn av symptom på forkjøling som kom same dag.

Det opplyser Herøy kommune på sine heimesider.

– Svar på testen kom laurdag 2. januar. Det er, i samsvar med sentrale faglege retningslinjer, gjennomført smittesporing 48 timar bakover i tid frå symptom på sjukdom oppstod, altså til og med 30. desember. Alle nærkontaktar innanfor denne perioden er informert og sett i karantene frå siste kontaktdato. Det vert gjennomført testing av nærkontaktar 04.01.21, og ved slutten av karantenetida for den einskilde, heiter det i pressemeldinga.


Ingen nye smittetilfelle i Sande  - hald fokus og avstand

Sande kommune har heller ikkje julehøgtida eller romjula fått melding om nye smittetilfelle. 



Ingen nye smittetilfelle i Sande  - hald fokus og avstand

Sande kommune har heller ikkje julehøgtida eller romjula fått melding om nye smittetilfelle. 



Startar vaksinasjon mot koronaviruset i januar:

No kjem vaksinen!

Kven får vaksinen til kva tid? Kvar vert han gitt? Kostar det noko? Må ein bestille time? Og ikkje minst; er det lokale helsevesenet førebudd på det som skal skje? Les vidare, så får du svar.



Vil du ta koronavaksinen?

Dette må vere i orden før du kan bli varsla om din tur

– Vi ber alle innbyggjarar over 18 år om å sjekke at dei er registrerte med mobiltelefonnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du ikkje er registrert, kan du gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon – og andre varslingar frå kommunen din.