Ingen positive testar etter smittesporinga i jula

- I samband med smittesporinga i Herøy i jula, er det ingen som har testa positivt i etterkant. Noko vi er særs glade for

Korona Covid-19 

Nyhende

Det seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding.

– Dei alle fleste avsluttar si karantenetid den 30.12.20. Det gode samarbeidet med alle som fekk julefeiringa påverka, inkl. Aktiv Trening Herøy, har gjort arbeidet vårt enklare, heiter det vidare.


Startar vaksinasjon mot koronaviruset i januar:

No kjem vaksinen!

Kven får vaksinen til kva tid? Kvar vert han gitt? Kostar det noko? Må ein bestille time? Og ikkje minst; er det lokale helsevesenet førebudd på det som skal skje? Les vidare, så får du svar.



Vil du ta koronavaksinen?

Dette må vere i orden før du kan bli varsla om din tur

– Vi ber alle innbyggjarar over 18 år om å sjekke at dei er registrerte med mobiltelefonnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du ikkje er registrert, kan du gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon – og andre varslingar frå kommunen din.


Smittetala i Noreg stig. Det førebyggande smittevernet er difor framleis like viktig.

Når nyttårsmarkeringa står for døra, så hugs:

  • Ver frisk om du skal vere saman med andre. Hald deg heime om du er sjuk!
  • Ver så få som mogleg saman, og helst berre dei du er saman med til vanleg!
  • Hald avstand, også ved midnatt på nyttårsaftan!
  • Vask hendene!
  • Pass på kvarandre!

Den første veka i det nye året startar vi vaksinering også i Herøy. Det gir håp om endring frå sommaren 2021!

Godt nytt år!


Vi går mot lysare tider

… og då tenkjer eg ikkje berre på at vi har lagt bak oss den mørkaste dagen. Vi har forhåpentlegvis også lagt det mørkaste året bak oss, i alle fall i nyare tid.