Fylkeskommunen

Ber om å ta meir omsyn til fornminne i arealplanen

I ei fråsegn til Sande kommune slår fylkeskommunen eit ekstra slag for fornminne og kulturminne.

Kyrkjesande: Sandsøya er generelt framheva på grunn av sitt verdfulle kulturlandskap, medan middelalderkyrkjegarden på Kyrkjesande er spesielt trekt fram mellom kommunen sine verdfulle kulturminne.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Etter ein del uventa utfordringar med utbyggingar i den seinare tid, til dømes knytt til ei rorbu i Haugsbygda, har Sande kommune sett seg nøydd til å innføre eige regelverk for byggegrenser. Det skjer som ei rullering av kommuneplanen sin arealdel.