Startar vaksinasjon mot koronaviruset i januar:

45 dosar kjem snart til Herøy og Sande

Kven får vaksinen til kva tid? Kvar vert han gitt? Kostar det noko? Må ein bestille time? Og ikkje minst; er det lokale helsevesenet førebudd på det som skal skje? Les vidare, så får du svar.

Bjørn Martin Aasen: Kommune- og smittevernoverlegen seier Herøy kommune er godt budd på vaksinasjonsprosessen i tida som kjem.   Foto: Stian Langlo Driveklepp (arkiv)

Alt etter kor mange som ønskjer å vaksinere seg, skal vi altså sette godt over 10.000 vaksineinjeksjonar i vinter

Nyhende

– Planleggingsmessig ligg vi på linje med krava frå FHI og Helsedirektoratet. Vi er godt førebudde.

Det seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy til Vestlandsnytt.

Måndag møttest han og resten av kriseleiinga i Herøy kommune for å planleggje alt frå mottaking av vaksinar og utstyr til utføring av vaksinasjon heilt ned på individnivå.

Startar 1. veka i januar

Herøy kommune er tildelt 35 dosar i veke éin. Desse vert gitt til bebuarar ved Herøy omsorgssenter, opplyser Aasen.

Kommuneoverlegen i Sande, Asta Silekiene opplyser overfor Vestlandsnytt at kommunen vil ta imot den første sendinga, på ti vaksinedosar, første veka i januar. Også desse skal bli gitt til bebuarar ved sjukeheimen.

– I tillegg skal vi bruke veka på å få på plass fleire detaljar, seier ho.

Asta Sileikiene: Kommuneoverlegen i Sande seier det lokale helsevesenet er godt førebudd på vaksinasjonsprosessen framover.   Foto: Endre Vorren

Prioritert rekkefølgje

Prioriteringsrekkefølgja er fastsett i dei nasjonale rettleiarane for koronavaksinasjon, og er såleis den same i både Herøy og Sande. Hovudpunkta der er:

1) Personar som bur på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning.

2) Personar over 85, deretter over 75 og så over 65 år. Samstundes med gruppa 65–74 år, vert personar i aldersgruppa 18–65 år med alvorleg sjukdom vaksinerte.

3) Resten av dei i alderen 18 – 64 år.

Prioriteringsrekkefylgja kan bli endra dersom smittesituasjonen utviklar seg annleis.

Du må vaksinerast to gongar

Til saman utgjer befolkninga over 18 år i Herøy ca. 6.800 personar. Kvar person må vaksinerast to gongar med tre vekers mellomrom.

– Alt etter kor mange som ønskjer å vaksinere seg, skal vi altså sette godt over 10.000 vaksineinjeksjonar i vinter, informerer Aasen.

Gratis

Vaksinen er gratis og er eit tilbod til alle over 18 å som ønskjer å ta han.

– Desto fleire som let seg vaksinere, desto betre vern mot covid-19 oppnår vi både som enkeltindivid og som gruppe, fortel Aasen.

Biverknadar

Vaksinen har nokre biverknadar: Lokale smerter på injeksjonsstaden, feber, frysingar og sjukdomskjensle kan kome etter 1–2 dagar og vare tilsvarande lenge.

– Dette er òg kjent frå ei rekke andre vaksinar, og er eit teikn på at kroppen sitt «forsvar» reagerer på vaksinen og bygger opp motstandskraft. Paracet gir ofte ei god lindring på desse biverknadane, vert det opplyst frå kommunen.

Ein svært sjeldan biverknad er allergisk reaksjon kort tid etter injeksjonen. Dette er vanleg ved alle vaksinar, som til dømes vanleg influensavaksine. Difor har ein, ved all vaksinasjon, ein beredskap på vaksinasjonsstaden med kompetent personell og medisin for å handtere desse sjeldne biverknadane.

Ettersom korona-vaksinen er heilt ny, kjenner ein lite til om han kan ha sjeldne langtidsbiverknader. Det er det berre observasjon over lengre tid som kan avklare. Det er ei av årsakene til at berre vaksne over 18 år får tilbodet. Heller ikkje gravide får ta denne vaksinen no.

Kvar skjer vaksinasjon?

I Herøy vert all vaksinering gjennomført ved Herøy helsesenter. Fastlegane hjelper til med å finne alle mellom 18 – 65 år som er i risikogruppa, men vaksinerer ikkje.

Sande kjem tilbake med meir informasjon om vaksinasjonsstad.

Time til vaksinering?

Herøy kommune kjem seinare med nøyaktig informasjon om korleis kvar einskilde person får time til vaksinering. Informasjon om det vert gitt på SMS til alle innbyggjarane i Herøy, og på kommunen sine heimesider. Alle som skal vaksinerast vert då tildelt to vaksinasjonstimar på ein gong med 21–25 dagars mellomrom.

– Det viktige framover no er når vi skal byrje å vaksinere dei aldersgruppene som ikkje bur på omsorgssenter. Vi kjem ut med meir informasjon om det, tidleg på året og i god tid før vi startar på vaksineringa, seier kommuneoverlege Aasen.

– Alle skal vere trygge på at dei får tilbod om vaksine i den rekkefølgja helsestyresmaktene har bestemt.

– Snakk med dei eldre

Herøy kommune oppmodar alle som er pårørande og familie med dei aldersgruppene som skal vaksinere seg først, om å snakke med sine om vaksinen og gjere dei kjende med denne informasjonen.

– På denne måten sikrar vi at flest mogleg får høve til å velje om dei ønskjer å ta vaksinen når han kjem til Herøy i januar.

Helsemyndigheitene har varsla at dei vil bli utsendingar med nye vaksinedosar kvar veke. Den neste er altså venta i veke 2. Kor mange dosar sendinga inneheld er ikkje klart.