Forlenga avtale om bølgekraft ved Runde

FORLENGA:   Foto: Pressefoto

Nyhende

Demoanlegget for bølgekraft, som Waves4power har liggande ved Måganeset på Runde, kan ligge der fram til 10. juni 2023. Det er klart etter at Kystverket har forlenga avtalen for det svenske energiselskapet. Testanlegget består hovudsakleg av to flytebøyer og to mindre bøyer som skal synleggjere ankerplassering på sjøbotnen.