Utval ber om kriseplan for legetenesta

Samarbeidsutvalet for legetenesta vil ha ein plan for korleis Herøy sine store utfordringar med legerekruttering kan løysast.

Herøy legesenter: Her er det sju fastlegeheimlar, men berre to fast tilsette legar.  Foto: Arkiv

Nyhende

Samarbeidsutvalet konstaterer at det over lengre tid har vore krevjande å rekruttere faste legar i fleire av fastlegeheimlane i Herøy. Utfordringane er størst ved Herøy legesenter der det er tilsett fast lege i berre to av til saman sju legeheimlar. Den eine av dei to har munnleg meldt flytting frå mars neste år.