Kommunal armod i Sande, medan det vert satsa fleire hundre millionar i næringslivet

Samanlagt vert det investert for fleire hundre millionar kroner i Sande for tida. Men kommunen sjølv er raka fant, og må kutte over heile linja. Kommunestyret flytta knapt ei krone på budsjettframlegget.

Sande kommunestyre: Leiinga, f.v. kommunedirektør Anders Hammer, ordførar Olav Myklebust, varaordførar Einar Ekroll.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det er stort paradoks over samfunnsutviklinga i Sande. 100 millionar på hamneutbygging i Gjerdsvika. Liknande summar, truleg meir, på utbyggingane til Larsnes Mek. Verksted og på same vis på Sandsøya, med Rosenlund og Sandefisk, står avgjort ikkje i stil med korleis den kommunale økonomien har utvikla seg.