Han er ny dagleg leiar for Norwegian Electric Systems AS

Geir Larsen er ny dagleg leiar i Havyard-selskapet Norwegian Electric Systems.

Geir Larsen.  Foto: Kjell Stian Brunes

Nyhende

50 åringen har lang erfaring som leiar i den norske maritime og marine teknologibransjen. Han har blant anna leia Vard Aukra, Inpower og ABAS Crane, i tillegg til å ha arbeida innan akvakultur, blant anna i AKVA Group. Geir har sin faglege bakgrunn innanfor elektro og automasjon, og kjenner marknaden for elektriske og hybride løysingar, spesielt gjennom å ha leia utviklinga av Inpower AS, oppkjøpt av Bertel O Steen Power Solutions i 2016.