Posisjonen sitt budsjettforslag vedtatt med nokre tilleggspunkt frå FRP:

- Vi skal ha ei ny skuleløysing på Bergsøy

Etter ein god debatt i kommunestyret gjekk fleirtalet, ikkje uventa, inn for posisjonen sitt budsjettframlegg. Opposisjonspartia måtte nøye seg med kritiske spørsmål og nokre ekstra kulepunkt inn i budsjettet.

Ordførar Bjørn Prytz og resten av posisjonen kan vere nøgde med å ha fått i hamn eit budsjett og ein økonomiplan.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Under kommunestyret torsdag var det duka for den store budsjettavgjersla i Herøy. Kommunedirektør Trond Arne Aglen innleia diskusjonen med å vise til at budsjettframlegga i alt har fått inn 21 høyringsinnspel. Blant det som hadde vakt reaksjonar ved budsjetta, var saka om Toftetun-barna og vegen på Leine-Voldsund. Vidare hadde 16 tilsette i kommunen meldt inn bekymringar i samband med den tredelte ferieavviklinga i helsesektoren.