Strakstiltak på Toftetunet

Forholda ved Toftetunet er verre enn politikarane har trudd. No skal strakstiltak settast i gang.

Barn og foreldre ved Toftetunet avlastingsheim: Frå venst­re: Jenny Mar­gre­the Helland-Wor­ren med Sunniva (13), Ire­ne Grin­de med Odin Kal­land (4), Ani­ta Hjel­me­seth og Lin­da Aune med Ka­ri­ne Lyngs­gård (16) og ves­le­sys­ter Ame­lia. Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Dei uverdige forholda ved Toftetunet avlasting blei teke opp som eiga sak på siste møtet i utvalet for helse og omsorg. Utvalsmedlemane hadde vore på synfaring og blitt overraska over kor dårleg forholda på avlastinga faktisk var. No ber eit samla utval administrasjonen om å gjennomføre strakstiltak i påvente av ei framtidig varig løysing.