Seier nei til ny avkøyrsle i Myrvåg

IOGT får ikkje lov til å etablere ei ekstra avkøyrsle frå IOGT-huset i Myrvåg.
Nyhende

I samband med utviding av parkeringsplassen for IOGT-huset, er det søkt om å få etablere ei ekstra avkøyrsle til Åsvegen. Tanken er å nytte avkøyrsla berre for utkøyring frå parkeringsplassen.

Sjølv om dette er ein blindveg med liten trafikk, ser kommunen føre seg at det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar med ei slik ekstra avkøyrsle. Det er ikkje ønskjeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom, og på den aktuelle strekninga er der tre avkøyrsler frå før.

Kommunen fryktar at ved samtidige arrangement på IOGT-huset og losjehuset, kan det oppstå trafikkfarlege situasjonar, særleg når ein ser på nærleiken til barnehage, leikeplass og ballbinge. Ein ser heller ikkje bort frå at det kan kome større offentlege bygg i området som kan medføre betydeleg auke i trafikken.