Nystarta Volda E-sport:

– Ein god gamer må vere i god fysisk form

– Vi må konsentrere oss veldig når vi spelar. Det er sosialt og gøy å spele med mange andre, og å kunne konkurrere, men det er viktig å vere i god form, viss ikkje vert vi fort slappe og trøytte.

Trening e-sport Volda: Fysisk fostring: God kondis og styrke må til for å verte ein god gamer. Høgskulen arrangerer treningsopplegg for Volda E-sport. FOTO: HENRIK HØGMO JOHANSEN 

Nyhende

Hogne Beddari (11) og Vemund Råheim Vatne (12) sit som næraste naboar på to maskiner inne i Volda E-sport sitt splitter nye lokale ved stadion. Ute er det mørk desemberkveld. Inne er det skumring og lågt lys, og det knitrar i mekanisk tastatur og engasjerte unge stemmer som spelar Fortnite.