Innsendt:

ekstra stas i myrvåg

I Myrvåg var det dobbel grunn til feiring ved inngangen til advent.

Myrvågtoppen: Nissen med julegåve til leikeplassen. Foto: Arnt Flatmo. 

bålplass: Prøvefyring av den nye bålplassen.Foto: Arnt Flatmo. 

gløgg: Godt med gløgg synest Sara Celine, Adriana og Frida. Foto: Arnt Flatmo. 

opning: Oleana og Birk Husøy fekk æra av å klippe snora. Foto: Elin Hundsnes 

Nyhende

Fyrste søndag i advent var det tradisjonen tru julegrantenning på Myrvågtoppen. Ekstra stas var det i år med høgtideleg opning av den nybygde gapahuken på leikeplassen.

Takk til dei to lokale bankane; Sparebanken Møre og Sparebank1 for midlar vi har fått, samt Herøy kommune for kulturmidlar. Dette har gjort det mogleg å sette opp dette flotte byggverket.

Siste vekene har det vore hektisk byggeaktivitet på leikeplassen for å bli ferdig med gapahuken til julegrantenninga.

Vi må også få takke bygdefolket for god støtte ved loddsalet. Dette har gjort at vi kunne oppgradere bålplassen med nye benkar og sette opp ei ny leikehytte.

Om lag 40 store og små møtte opp då vi klipte snora på den flotte gapahuken vår. Etter opninga var det koronavenleg servering av gløgg og peparkaker til alle. Vi var litt spente på om nissen kom i år på grunn av korona, men det gjorde han. I mangel av snø, kom han køyrande på moped, og i staden for slede, hadde han med julegåve til leikeplassen, ein ny båt! Stor stas blant dei minste, og pakkar vart det til borna.

No kan både bygdefolk og andre nyte ei koseleg stund rundt bålpanna, ete lunsj under tak i ruskevér og leike i Pippihytte og sjørøvarskip.