Politiet med kuvending – vil etablere større lensmannskontor i Myrvåg

Herøy kommune byggjer splitter nytt lensmannskontor i eit nybygg ved rådhuset. Problemet er at politiet ikkje vil flytte inn der.

Klart til å reise bygget: Her på denne store tomta ved rådhuset i Fosnavåg har det vore grunnarbeid i månadsvis. No er alt klart for reising av bygget som mellom anna skal huse nytt lensmannskontor. No kan lensmannskontoret i staden bli droppa i Fosnavåg.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I staden satsar politiet på å etablere eit nytt, samlokalisert lensmannskontor i Myrvåg. Her skal etter planen lensmannen i Hareid og Ulstein halde til, og det same skal lensmannen i Herøy, Sande og Vanylven.