Føresette og FAU på Bergsøy skule er lei av å vente på nytt skulebygg og kjem med eit rop om hjelp:

– Kva er det eigentleg som skjer?

Bodskapen frå Borga-elevane sine foreldre er klokkeklar. Ny skule må på plass snarast, og all informasjon må på bordet i samband med noverande skulebygg. – Om ein lakkerer ein rusten bil, er han framleis rusten, seier FAU-leiaren.

Frustrerte: Elise Nærø, Julianne Gjelseth og Karina Hjelmeseth, alle tre foreldre til elevar på «Borga», meiner det hastar med å få på plass ein ny Bergsøy skule.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Torsdag skal kommunestyret i Herøy vedta neste års budsjett og økonomiplanen for inneverande fireårsperiode. I budsjettforslaga som politikarane har å velje mellom, ligg der inne pengar til ei eller anna form for ny skuleløysing til Bergsøy skule. Det lèt til å vere semje om at gamle «Borga» ikkje er noko å satse vidare på, men prislappen på ei ny skule-løysing ser det derimot ikkje ut til å vere semje om mellom posisjon og opposisjon. Posisjonspartia har i sitt forslag – eit framlegg dei uttalt er samla om – sett av litt over 23 millionar kroner til det som i deira budsjett har fått namnet «Bergsøy skule «Borga». Nye løysingar». Frå formannskapsmøtet veit vi at posisjonen mellom anna håper å kunne sjå på modulskule som eit alternativ for ny skule. På den andre sida, i Frp og Høgre sine budsjettframlegg, er investeringsrammene betrakteleg større. Frp vil bruke rett over 200 millionar kroner, medan Høgre ønskjer å sette av 250 millionartil ein heilt ny skule.