Lokalpolitikarane skeptiske til reduksjon i talet på formannskapsmøte: – Demokrati kostar

Politikarar i Herøy formannskap er innstilte på å prøve og redusere i talet på formannskapsmøte neste år, men samtidig regjerer skepsisen om dette vil bety lange møter som strekker seg ut i nattetimane.

Tine Storøy: Høgrepolitikaren var tidsvis svært kritisk til å kutte i talet på møter for formannskapet. – Dette er vår fremste politiske verkstad og vi skal vere tett på prosess, sa ho, og spurte om ein prøvde å halde politikarane «utanfor». Den påstanden vart raskt avvist i frå kommunedirektør Aglen som forikra om at det aldri er ein intensjon. 

Nyhende

Formannskapet fekk tysdag på bordet den føreslegne møteplanen for fyrste halvår 2021, der kommunedirektøren har råda til å redusere talet på formannskapsmøte i Herøy. I 2020 og tidlegare har det vore rundt to formannskapsmøte per kommunestyre. I 2020 utgjorde det 19 møter. No vil kommunedirektøren legge opp til ein reduksjon der hovudregelen vert eitt møte per kommunestyre, med moglegheit for å opprette fleire møter viss dette er naudsynt. Det er elles, som kjent, sett ned ei gruppe som skal sjå på politisk omorganisering gjeldande frå 2. halvår 2021.