Herøyværing må i fengsel:

- Slaget var målretta, og traff den fornærma på bakre delen av kinnet, under tinningen bak auget

Ein mann i trettiåra frå Herøy er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 120 dagar for vald.

Dom: Mannen frå Herøy påførte ein annan mann tre brot i kinnbeinet i samband med ei dansetilstelling i Ørstahallen i mai 2019.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Valdshendinga fann stad i Ørstahallen natt til 12. mai 2019. Då vart ein mann slegen i ansiktet slik at det vart fleire brot i kinnknuten.