Kommunen krev straks-sikring av løe

Løe Haugsbygda 

Nyhende

Sande kommune har sendt krav til ein innbyggjar om straks-utbetring av ein driftsbygning. Bygningen må sikrast både mot vêr og vind, og mot at uvedkomande kan ta seg inn i bygget. I tillegg krev kommunen at bygget ikkje framstår så skjemmande som det gjer i dag. Alternativet er riving. Kommunen sende brev til vedkomande om same sak i første halvår 2018, utan at noko har skjedd.