Aktive Harald fekk kulturprisen i Sande

Han har hatt mange ballar i lufta i årevis. No er han heidra med kulturprisen i Sande.

Takkar: Harald takkar for prisen, vidare f.v. banksjef Kjell Ove Vasstrand i Sparebanken Møre og ordførar Olav Myklebust.  Foto: Arthur Vestnes

Nyhende

Harald Sætre fekk laurdag ettermiddag tildelt prisen under ei samling i høve julegrantenninga ved Sandetun. Der var Harald ein naturleg del av HML Varden, som sytte for fine førjulstonar utanfor institusjonen.