Larsnesingane ventar utolmodig på nyevegen

På Larsnes er det ein god del utolmodigheit å spore etter at arbeidet med Sjukeheimsvegen kan sjå ut til å ha stoppa opp.

Sjukeheimsvegen: Heile hausten har det vore slalomkøyring mellom til dels djupe holer i vegen som er under utbetring på Larsnes.   Foto: Tipsar

Nyhende

– I desse dagar, med så enormt mykje regn, vert holene i vegen djupare og djupare etter kvart som regnet silar ned slik det gjer. Om kort tid er der rett og slett ikkje framkomeleg, verken på den eine eller på den andre sida av vegen. Verst er det nok for dei gåande – som får vatn og søle over seg både ovanfrå, nedanfrå og sidevegs.