- Vi startar med å få inn utstyr for å vere klare for å starte opprydding når det er mogleg. Vi gjer ei ny vurdering når det blir dagslys i morgon, men vêrprognosane er ikkje gode og tryggleiken for mannskapa som skal gjere jobben kjem alltid først.
Det seier byggeleiar Grete Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune måndag ettermiddag.
I mellomtida vil ferja frå Hareid halde fram med å trafikkere til Solavågen.
Det var natt til søndag jordskredet gjekk.
Her er "naud-rutetidene"
Her kan ein finne fram til dei endra rutetidene:
https://frammr.no/FRAM/Aktuelt/Ras-ved-Sulesund-ferjekai-alternative-ruter-for-ferje-og-buss
Jordras ved Sulesund:
Vegen stengd heile søndag
Natt til søndag rykka politiet ut etter at eit jordras gjekk over vegen på fylkesveg 61, like aust for Sulesund ferjekai.