Sterkare straum av folk som flyttar frå Ytre Søre

Siste tala frå Statistisk Sentralbyrå syner ein relativt sterk folketalsnedgang på Ytre Søre Sunnmøre i tredje kvartal.

Nedgang: Folketalet her ute i øyane fekk seg ein tilbakegang i tredje kvartal.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Ved utgangen av tredje kvartal låg folketalet i Herøy på 8.846 innbyggjarar. Det er tilbakegang på heile 74 frå førre kvartal, og tilsvarar ein nedgang på 54 om ein reknar frå årsskiftet.