Jordras ved Sulesund:

Vegen stengd heile søndag

Natt til søndag rykka politiet ut etter at eit jordras gjekk over vegen på fylkesveg 61, like aust for Sulesund ferjekai.

Politiet: Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det melde Vegtrafikksentralen klokka 01.18 natt til søndag.

– Skredet er så stort at vegen blir stengd til i morgon, seier operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck hos politiet til Sunnmørsposten.

Politiet har, ifølgje avisa, undersøkt området overflatisk, og det er ingenting som tyder på at nokon er teken av raset som har gått ved Vindsneset i Sula.

Heile vegbanen er blokkert, og ifølgje politiet er raset, som består av mykje stein og grus opp mot 1–2 meter høgt.

Kl. 10.48 melder Vegtrafikksentralen midt om at vegen ikkje blir opna søndag på grunn av ustabilitet i rasområdet. Det skal bli gjort ei ny vurdering måndag.

Fordi vegen er stengd, går ferjetrafikken no mellom Hareid – Solavågen, med behovsanløp til fastbuande på Sulesund. Anløpa tek om lag éin time.

Oppdatering 23.11: Vegen er også stengd måndag morgon.