Rosa Herøy etter trussel-sak

Einingsleiar Oddbjørn Solheim i politiet skrytte av kommunen si handtering av elevtrugslane på Blåhaugen i sommar då han orienterte formannskapet om nærpolitireforma på tysdag.

Oddbjørn Solheim: Einingsleiar for politiet sine lensmannskontor i geografisk driftseining Sunnmøre, Oddbjørn Solheim, kunne melde at polititenesta i Møre og Romsdal har blitt betre dei siste åra.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Oddbjørn Solheim, einingsleiar for politiet sine lensmannskontor i geografisk driftseining Sunnmøre, orienterte tysdag formannskapet i Herøy om nærpolitireforma, og korleis arbeidet med ho har utvikla seg siste åra. Reforma byrja i kjølvatnet av 22. juli. Etter terrorhendinga såg ein nemleg behov for ei analyse av politiet sitt arbeid og nærleiken til folket. Målet har vore å sikre nærværet av eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti, samt å utvikle gode fagmiljø som er rusta til å møte dagens og morgondagens kriminalitetsutfordring.