Gapahuken opna

Det var magisk stemning i skogen ved Haugelia barnehage måndag. Sola skein mellom tretoppane og nokre av dei traff den nye, flotte gapahuken som Haugsbygda bygdeutvikling har fått i stand.

Klipte snora: Snora er klipt- gapahuken er opna. Hedda, Mathilda og Sebastian var ekstra stolte denne dagen.  Foto: Kim Sætre

Nyhende

Dei tre førskuleborna Hedda Kalland Muren, Mathilda Nyland Vik og Sebastian Nymoen Hauge var ekstra spente. Dei hadde nemleg fått i oppgåve å klippe snora. Tenk at dei skulle få opne gapahuken! Med seg hadde dei heile «leikekroken» (storbarnsavdelinga i Haugelia barnehage).

Haugsbygda bygdeutvikling (HBU) har det siste året jobba for å få opp denne gapahuken, for bygdefolket og for barnehagen. Laget er organisert for å skape liv og rørsle i bygda, ta tak i prosjekt for bygdefolket og arrangere mellom anna jonsok-feiring, nyttårsmars, julegrantenning med meir.

Gapahuken: Ligg fint til i skogen og er klar til bruk. 

Haugsbygda bygdeutvikling har sett at eit lavterskeltilbod for bygdefolket (og gjerne dei utanombygds også), der ein både kan få mosjon og finne skogsro, er flott! Spesielt i desse tider då ein gjerne skal vere saman ute og lufte seg frå heimekontoret.

Gapahuken ligg i kort gange frå barnehagen. Ein kan fylge skilt frå skogsenden.

HBU har fått mykje økonomisk støtte frå lokalt næringsliv (Myklebust, PLA-ny med fleire), bygdefolk som har støtta, samt gjensidigestiftelsen og Teft (Sparebanken Møre). Gursken idrettslag har også bidrege. Gapahuken er resultat av fleire dugnadar, der spesielt foreldre til barnehagebarn har vore aktive.

HBU er imponert overt dugnadsånda i bygda og korleis alle vil hjelpe alle. Til dømes er den flotte bålpanna med alt tilbehøret gitt frå inntektene på julemessa i Vikepetter-løda i fjor.


– Det at alle engasjerer seg gjer det kjekt og givande å drive ein slik organisasjon, seier HBU-leiar Tormund Hauge.

No var altså endeleg dagen her – opningsdagen! Haugelia barnehage har jamlege turdagar i skog og fjøre.

– Vi har sakna ein stad i skogen og dette vert ein super stad for skogsleik og læring, seier einingsleiar Lisbeth Nykrem.

– Vi har sett fokus på søppel-plukking og naturvern, og borna synest det er kjekt å rydde i naturen. Her ser vi føre oss å lage eventyrlege figurar og liknande til å pynte opp med, legg Nykrem til.

– Gapahuken er stor og fin! Litt tjukke tred....

(Jonas Hauge)

– Eg synest det er fint med alle flagga dei har hengt opp....

(Albert Gotten Sandvik)

– Eg synest det kjekkaste med gapahuken er å leike her oppe....

(Emma Remøy Hauge)



Gjengen med fire-åringar var nesten elektriske! Her er det topp-stemning og her vil vi leike mykje, det er alle enige i.

Eventyr: «No flyg vi ut på eventyr» (Sebastian H. Nymoen). Foto: Lisbeth Nykrem  Foto: Lisbeth Nykrem

Gapahuken ved skogsvegen i Haugsbygda er no altså offisielt opna og klar til bruk for alle som vil. Godt utstyrt er den til matlaging. Det er også lov å pynte med troll og figurar.

På grunn av pandemi-situasjonen vart det ikkje noko stor opning for heile bygda, men vi planlegg å synge den inn når vi har nyttårsmars.

Nyt gapahuken !