Vindfull opning av den nye Vågsholmen-brua

- Dette er ein milepåle

Laurdag vart den 27 meter lange sving-gangbrua mellom Vågsholmen og Fosnavåg sentrum offisielt opna.

Fredrik Remøy, ordførar Bjørn Prytz og Per Magne Eggesbø frå Vågsholmen AS (til høgre) knyter saman eit tau midt på brua og erklærer med det den nye Vågsbrua for offisielt opna.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Etter å ha venta på dette i 15 år, kjenner eg i dag på ei stor glede. Vågsholmen har blitt veldig flott med både bygg og bru. Dette er ein milepåle.