Herøy-politikarane klare til å satse pengar på Herøy gard utanfor museumssamarbeid:

– Skal ikkje bøye oss i striden

Kommunedirektøren si tilråding om å halde Herøy kystmuseum utanfor Stiftinga Musea på Sunnmøre møtte fullstendig støtte i Herøy formannskap.

Tor Sindre Steinsvik: Steinsvik (H) er heilt klar i si sak. Dei er klare for samarbeid, men det skjer berre om kommunen slepp å gi frå seg eigarskapen til Herøy gard. Slik situasjonen er i dag meiner han det ligg an til at Herøy må drifte kyst museet sjølve. Steinsvik og Høgre har faktisk sett av 1 million kroner til drift av Herøy gard på sitt budsjett.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Som folk sikkert har fått med seg har Herøy kommune blitt invitert til å fusjonere Herøy kystmuseum med Stiftinga Musea på Sunnmøre. Utkast til ny samarbeidsavtale inneber ein auke i årleg tilskot samt krav om å ta over bygningar, samlingar, jekta og eigedomen Herøy gard. Tysdag handsama lokalpolitikarane i Herøy saka i formannskapet og saka skal seinare opp på kommunestyret.