Fredag: Sande fekk sitt 21. koronatilfelle

Fredag morgon melder Sande kommune om endå ein person som har fått koronasmitte.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det var torsdag kveld kommuneoverlegen fekk stadfesta at endå ein person er smitta, nærare bestemt den 21. personen i Sande som er smitta etter utbrotet.

- Dette er nærkontakt av av smitta som var stadfesta i starten av forrige veke. Vedkomande har vore i karantene sidan og sit no i isolasjon, skriv kommunen på sine heimesider.

Det er ingen nærkontakter til vedkomande, og kommunen varslar at smittesporinga er under kontroll.