Kjøper HAFAST-aksjar:

– Kan ikkje vere dårlegare enn Ulstein

Herøy formannskap vedtok å teikne seg aksjar for 75.000 kroner i HAFAST-sambandet.

Tommel opp for aksjar: No eig Herøy meir i HAFAST. 

Nyhende

Selskapet Hareid fastlandssamband har behov for ny aksjekapital for vidare arbeid, og har i samband med det spurt Herøy og andre kommunar på Søre om å bidra i kapitalutvidinga. Tysdag fekk formannskapet i Herøy saka på bordet. Saka kom til lokalpolitikarane utan ein tilrådd sum frå kommunedirektøren, så då var det opp til formannskapspolitikarane korleis dei ville løyse situasjonen. Under handsaminga vart det påpeika at dette eigentleg var ei avgjersle som burde vore framlagt for kommunestyret, men då fristen allereie går ut før neste møte avgjorde politikarane å nytte hasteparagrafen og nytte midlar frå ubrukte kapitalfond.