Vinden velta gravstøttene

Den sterke vinden har kolva gravstøtter på Flusund.

Flusund gravplass: Ein av mange gravstøtter som har velta natt til torsdag og torsdag føremiddag.  Foto: Privat

Nyhende

– Dette gjeld særleg i bakken og på flata på den «gamle» delen av gravplassen, opplyser kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø ved Herøy kyrkjekontor.

Kyrkjekontoret teke kontakt med nokre få, men har ikkje kapasitet til å nå ut til alle ettersom omfanget av dei velta gravstøttene er sopass stort.

Eit gravminne er eit privat eige, og det er difor eigaren som er ansvarleg for gravminnet.

– Gravplassarbeidarane utfører arbeidet med å få gravminna på plass, men vi kan ikkje gjere det utan at de som er eigarar gjev beskjed. Det tek oss nokre dagar å få oversikt, så vi bed om at dei som har gravminne på Flusund tek ein tur innom og gjev oss tilbakemelding dersom dei må ha hjelp til å få gravminna på plass igjen, avsluttar Leinebø.