Torsdag: Nytt koronatilfelle i Sande - frå utlandet

Torsdag 19. november opplyser Sande kommune om endå eit smittetilfelle.

Korona Covid-19 

Nyhende

Ein person som kom frå utlandet for nokre dagar sidan, har testa positivt på korona.

Vedkomande sit i isolasjon, i tillegg til at ein nærkontakt av vedkomande er i karantene.

Smittevernsteamet opplyser at dei har kontroll på smittesporinga.

20 smittetilfelle

Sidan pandemien starta i mars er det loggført 20 tilfelle av koronasmitte i Sande. Det er mykje i ein kommune med berre 2.500 innbyggjarar. Heile 14 av dei 20 tilfella skriv seg frå månadene oktober og november.