Normal drift igjen på Årvik - Koparnes

Oppdatert torsdag klokka 13.27: Norled melder at det no er normal drift i sambandet.

Årvik - Koparnes: Stengt midt på dag torsdag, på grunn av vind.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Nordled melde torsdag at vêrforholda, med sterk vind, har ført til at ferjesambandet Årvik - Koparnes har stengt.

Meldinga frå Norled kom klokka 11.45 og gjeld inntil ny beskjed kjem.

Det er torsdag nordvest storm med vindkast opp i orkan styrke i distriktet vårt.

Etter eit par timar var sambandet altså ope igjen.